[00:14.45] Kong Sumarlid av Fjaler kom heim frå viking att, [00:22.55] og styrde til lands ved Alden ei disig månenatt. [00:29.73] Dei svarte gjel og tindar låg blå i måneljos, [00:35.18] der song den vakre kvinna, den falske Sigaros. [00:51.44] Der song den falske kvinna og spela på tussegreip, [00:58.69] Og klunka med tjukke fingrar på tvinna bastereip: [01:05.82] Du unge Sumarlide, kom inn, kom inn til meg, [01:12.14] all heimsens gull og rikdom, det vil eg gjeva deg [01:20.28] Langt inn i bergi blåe, der sylverskogen gror, [01:27.55] det glitrar i dyre steinar og lyser av perlemor. [01:34.73] Her er ikkje haust og vetter, her er ikkje natt og dag, [01:41.93] og stilt i ljose draumar går sus av båreslag. [01:54.58] Men Sumarlide, kongen, han vende seg kald ifrå, [02:02.65] då såg han den andre kvinna i måneljoset stå. [02:09.95] Til linne harpetonar ho song i stjerneskin, [02:15.37] det var den fagre kvinna, den ljose Ermelin: [02:24.32] Du unge Sumarlide, kom inn, kom inn til meg, [02:30.61] min varme, rike kjærleik, den vil eg gjeva deg. [02:38.71] Eg skal deg varlegt draga inntil min mjuke famn, [02:45.04] og kviskra i stille næter ditt underfulle namn. [02:58.66] Og Sumarlide, kongen, det var som han somna av, [03:05.82] det drog han med makt mot havet, det store, kalde hav. [03:13.02] Der søv den unge kongen frå våpenleik og strid, [03:19.33] no song eg minnesongen um konung Sumarlid. [03:47.31]