作曲 : 挪威民俗音乐 作词 : Elias Blix 编曲:Håvard Gravdal Kling no, klokka! Ring og lokka Ring og lokka frå tusen tårn! Tona om frelsa! Kalla og helsa Kalla og helsa med fred Guds born! Kling no, klokka! Ring og lokka Ring og lokka frå tusen tårn! Englar kveda: Høyr den gleda Høyr den gleda som her er hend! Ljoset er runne, livet er vunne Livet er vunne: ein Frelsar send Englar kveda: Høyr den gleda Høyr den gleda som her er hend! Sæle stunder, store under, store under og løyndoms skatt! Møyi vart moder, Gud vart vår broder, Gud vart vår broder i julenatt. Sæle stunder, store under, store under og løyndoms skatt! Høge Fagnad! Sælt det dagnad, Sælt det dagnad, og Ljoset rann: Von yver Verdi, Ljos yver Ferdi, Ljos yver Ferdi til Livsens Land. Høge Fagnad! Sælt det dagnad Sælt det dagnad, og Ljoset rann