Eg veit meg ein ædeli skog'e sunna og vesta fyr fjord: der vekse så mange dei ædeli tre, dei venast på jordi som gror. - Korleis ska sveinen finne jomfruva? Det var stride stjukmori, ho framfyr sengji sto: Skapt'a i ei villande hind som spring'e på øydeskog. - Korleis ska sveinen finne jomfruva? Det var han rike Herre-Per, vakna og om seg såg: borte var fruva Ingebjør, som på hass armen låg. - Korleis ska sveinen finne jomfruva ? "Høyre du, unge Herre-Per, kvi høgg'e du ned min skog? Du fær kje den ville ørni, fyrr ho fær manneblod." - Korleis ska sveinen finne jomfruva? Han skar stykkje utor sin barm, kasta det hågt'pi kviste; ørni skreik, så hågt ho gol, ho ville Herre-Per giste. - Korleis ska sveinen finne jomfruva? "Gud signe deg, dandis Herre-Per, fyr alle god-rå'ine dine! Stjukmor mi sit i Trollebotn, der græt ho syndine sine." - No heve sveinen funni jomfruva.